Budsjetthandsaming i i kommunestyret.
Kommunetv
Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 8.12.2025
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter la i sist kommunestyremøte 1. desember fram driftsrapporten for oktober med oppdaterte skattetal. Den viser at skatteinngangen er svakare enn prognosen frå Skattedirektoratet i august. - Det blir difor lite truleg at me klarer målsettinga om eit overskot på 12,3 millionar kroner i 2025. Drifta er per 1. november i balanse, men inntektene ser ut til å bli lågare enn venta, og om det ikkje skjer eit lite «under» mot slutten av året, ligg det an til at Bømlo blir registrert på ROBEK-lista, sa kommunedirektøren. (ROBEK – statens register over kommunar som må ha godkjenning for låneopptak og budsjettvedtak)
Krev tydelege grep
Kommunestyret skal vedta budsjettet for 2026 og økonomiplanen 2026-2029, der rammene er noko betre enn først venta. Før budsjettavtalen mellom regjeringspartia var det rekna med at Bømlo skulle få om lag 1,023 milliardar kroner i frie inntekter (skatt og statlege overføringar som kommunen i hovudsak kan bruke fritt). Det er ein nominell vekst på rundt 40 millionar kroner frå 2025 (ein auke i kroner før ein tek omsyn til pris- og lønsvekst).
Etter budsjettavtalen ligg det an til at Bømlo får om lag 8–9 millionar kroner ekstra, slik at den totale veksten i frie inntekter kan nærme seg 50 millionar kroner. Det vil gje kommunen opp mot 1,03 milliardar kroner å drifta tenestene for i 2026. Det gir litt meir pusterom, men økonomien er framleis stram. Både registrering på ROBEK-lista og budsjettet for 2026 vil krevje tydelege grep for å styrka økonomien og kome oss raskast mogleg ut av registeret.
For meir bakgrunn:
Budsjettframlegg direkte til kommunestyret
Prioriterer etablering av omsorg+ bustadar
Statsforvaltaren ber Bømlo prioritera tydelegare