Vedtak av endring 1 av detaljregulering for bustad - og fritidsbustadområde Tressvik, gnr. 14 bnr. 27 m.fl., PlanID 201509

Endring 1 av detaljregulering for bustad - og fritidsbustadområde Tressvik, gnr. 14 bnr. 27 m.fl., PlanID 201509 er vedtatt. Klagar til endringa kan sendast inn fram til 13.12.2025. 

Utsnitt av plankartet som viser avgrensing av ulike føremål i planen - Klikk for stort bileteUtsnitt av endra plankart

Føremålet med planendringa er å leggje til rette for tre nye flytebrygger, totalt vert det fem flytebrygger innafor føremålet småbåtanlegg.

Det er utval for areal og samferdsel som har vedtatt endringa av detaljregulering for bustad - og fritidsbustadområde Tressvik, gnr. 14 bnr. 27 m.fl., PlanID 201509. Vedtaket vart gjort i møte den 05.11.25 i sak PS 54/25.

Det er mogleg å klaga på vedtatt endring. Frist for å klaga på endringa er 13.12.2025.

Klager kan sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no