Pårørandestøtte

Har du «særleg tyngjande omsorgsarbeid» for nokon med stort hjelpebehov, skal kommunen tilby deg nødvendig pårørandestøtte.

Kven kan få tilbodet?

Pårørandestøtte vert gitt til deg som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid for ein person med stort hjelpebehov. Omsorgsarbeidet må føregå i eigen heim og målet er at du skal kunna fortsetja å ha omsorga.

Pårørandestøtte kan ytast som omsorgsstønad, avlasting eller vegleiing.

  • Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som gjev godtgjersle for nokre av dei timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen
  • Avlasting kan bli gitt både i heimen og i sjukeheim
  • Vegleiing kan bli gitt etter behov
  • Demenskoordinator, kreftkoordinator eller rehabiliteringskoordinator er nokre av dei som kan gje rettleiing

Krav til søkjar 

  • Omsorgsmottakar må bu heima
  • Omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og gjelda naudsynte omsorgsoppgåve.
  • Skal du søkja omsorgsstønad må du samtidig søkja om hjelpestønad frå NAV dersom du allereie ikkje har innvilga dette.

Det er berre oppgåve som reknast som nødvendige som gir rett til pårørandestøtte. Det betyr at dersom du ikkje hadde gjort oppgåva så ville kommunen ha gitt tenesta. Mange gir omsorg til sine næraste utan at dette nødvendigvis vert definert som «særleg tyngjande».

Slik søkjer du

Det er i utgangspunktet den som yt omsorg som søkjer om pårørandestøtte. Søknad vert registrert på den som treng omsorg.

I søknaden skriv du kva du ynskjer og kva slag hjelp du gir.

Søknadsskjema til avlasting finn du her

Om nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Kva kostar det?

Pårørandestøtte er gratis

Meir informasjon

Aktuelle lover og forskrifter 
Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven

Til toppen