Kulturhuset hovudarena for førehandsrøysting

Førehandsrøystinga til Stortingsvalet og Sametingsvalet 2025 starta måndag 11. august og held fram til 5. september. Her får du oversikt over tider og stader du kan førehandsrøysta i Bømlo kommune med Bømlo kulturhus som hovudlokale for førehandsrøysting. Valdagen er måndag 8. september.

Behandlar vegar med plantevernmiddel

Denne veka skal avdelinga Park, grønt og samferdsle klargjere for asfaltering. Ei av oppgåvene er å behandle vegane med plantevernmiddel. Dette gjelder deler av Nesevegen, Agasøstervegen, Nordre Eikeland, Onglaviksvegen og eit parkeringsareal ved Kyrkjegardsvegen. 

Fleire nytta høve til førehandsrøysting første dagen

Folk stod klare allereie før vallokala i Bømlo kulturhus opna for førehandsrøystinga til Stortings- og Sametingsvalet 2025 i dag 11. august. Det er fleire endringar ved årets val i Bømlo kommune i høve sist val i 2023 som var kommune- og fylkestingsval. Førehandsrøystinga går fram til 5. september og sjølve valdagen er måndag 8. september.

Flytt til Bømlo og få sletta studielånet

Er du nyutdanna og vurderer å flytte til Bømlo kommune? Då kan du ha rett på sletting av studielån på visse vilkår. Over tid kan du spara fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.

Du kan førehandsrøysta frå 11. august

I Bømlo kommune kan du førehandsrøysta til Stortings- og Sametingsvalet 2025 frå måndag 11. august til fredag 5. september. Hovudlokalet er Bømlo kulturhus, og sjølve valdagen er 8. september.

Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føra til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om å klippa hekkane i samband med skulestart.

Prøveresultat badeplassar 2025

Den årlege prøvetakinga frå dei offentlege badeplassane er gjennomført, og prøvane visar gode resultat i år og. 

Ungdom ved roret – stødig kurs framover

Bømlo ungdomsråd fekk nyleg beskjed om at dei, saman med Ungdommens kommunestyre i Askøy, får innvilga knappe 700 000 kroner til prosjektet «Ungdom ved roret – stødig kurs framover»  gjennom tilskotsordninga Erasmus+Ungdom.

Vald og overgrep i nære relasjonar

Sommarferien er for mange ei tid for kvile og samvær med familie og vener. Men for nokre kan ferien også vere ei vanskeleg tid. Når kvardagsrutinar vert brotne, kan fleire oppleve at vald og overgrep i nære relasjonar eskalerer. 

Godt arbeidsmiljø i Raunevarden

- Me tok ikkje inn nye ferievikarar i år. Bebuarane trives med å sjå att kjende fjes, og det seier mykje om arbeidsmiljøet her i Raunevarden bufellesskap, fortel miljøterapeut Hanna Hellen i Habiliteringstenesta.