Kurs i habitattiltak i anadrome vassdrag 2025

19-20. september blir det arrangert kurs i habitattiltak i anadrome vassdrag på Stord. Formålet med kurset er hovudsakleg å auka kunnskap hjå lokale fiskar- og grunneigarlag, men det er også moglegheit for Vidaregåande skular, kommune og entreprenørar å delta etter særskilt avtale. 

Noko billegare vatn og avlaup frå 1. juli

I statsbudsjettet for 2025 vart det vedtatt å redusere meirverdiavgifta (mva) for vatn og avløp frå 25% til 15%, for å hjelpa husholdningar med å håndtera auka levekostnadar. Redusert mva inneber at gebyra for vatn, avløp og leige av vassmålar vil bli noko redusert.

Utvida jakttid på grågås i Bømlo kommune

Statsforvaltaren i Vestland har vedteke forskrift om utvida jakttid på grågås i Bømlo kommune.

- Ting må vere på stell

Når du kjem inn til Teknisk drift sitt bygg i Hollundsalen, er det første som slår deg at alt er ryddig og reint – både inne og ute. Alt har sin faste plass. Her herskar orden og ro. Dei du møter er hyggelege og imøtekomande.

Senk pulsen i sommar

På døra tek no sommarferie, men me held fram med pilotprosjektet i haust med første utgjeving måndag 8. september.

Laga over 400 strikkelappar

I vinter har 6. og 7. trinn ved Våge skule arbeida med eit kunst og handverksprosjekt litt utanom det vanlege.

Samfunnsdelen endeleg vedteken

Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) for 2025-2035, budsjettrevisjon 1. halvår og framlegg til avtale med Foldrøy Montessori skule AS vart alle samrøystes vedteke i kommunestyremøtet måndag kveld. 

Sprøyting langs kommunale vegar

- Sprøyting og bruk av plantevernmiddel langs kommunale vegar skjer i tråd med gjeldande regelverk, opplyser verksemdsleiar Vardan Vardanyan ved Teknisk drift i Bømlo kommune.

No lanserer me portalen AFA – Aktivitet For Alle

Frå hausten av får Bømlo og Stord ein heilt ny og brukarvennleg aktivitetsportal: Aktivitet For Alle (AFA). Her skal både små og store finna informasjon om aktivitetar og arrangement i nærmiljøet – og det blir òg her ein søkjer om bruk av Fritidskortet.

Heildagsverkstad for kommunestyrepolitikarane

Kommunestyrerepresentantane er kalla inn til ein heildagsverkstad i forkant av kommunestyremøtet måndag 16. juni. I den politiske verkstaden vert det orienteringar og diskusjon kring dispensasjonssaker/planvask, status for drift 2025 og budsjett og økonomiplan 2026-2029. Budsjettrevisjon 2025 skal også opp som sak i kommunestyremøtet. Møtet er ope for publikum.