Tre valkrinsar er lagd ned - du kan røysta i ein av dei fem andre

Måndag 8. september kl. 10:00 - 21:00 er det valdag for Stortingsvalet 2025. Kommunestyret vedtok å leggja ned valkrinsane Meling, Gilje og Folderøy til dette valet. Du som soknar til desse krinsane kan nytta deg av ein av dei fem gjeldande valkrinsane Svortland, Moster, Langevåg, Rubbestadneset og Våge.

Innspel til trafikksikringsplanen – fysiske tiltak

Bømlo kommune er godkjend som trafikksikker kommune og det vert årleg gjennomført fysiske tiltak for å betra sikkerheita på vegane våre. Bømlo kommune skal no revidera den gjeldande trafikksikringsplanen. I planen er både fysiske og haldningsskapande tiltak omhandla. Innspelsrunden handlar no først og fremst om fysiske tiltak. 

Hillestveit-elevar skal måle krefter i finalen under Bergen Matfes­tival

Fire elevar frå Hillestveit skule på Bømlo skal måle krefter med ungdom frå Bergen når årets store sjømatkonkurranse for ungdom går av stabelen under Bergen Matfestival 5. september.

God utvikling i kommunen

Formannskapsmedlemene i Bømlo fann mykje å gleda seg over i møtet torsdag, men krev også tett oppfølging av økonomisk drift. Særleg gledeleg er framdrifta i Bømlo fiskerihamn og god skatteinngang. Viergo orienterte om brannen i juni og planane framover.

Vaksinasjon for vaksne – eit viktig folkehelsetiltak

Nokre tiltak er blitt så naturlege for oss at me kan gløyme å tenkje over kor viktige dei er. Enkelte sjukdommar toler me dårlegare i visse aldersgrupper, eller om me har redusert immunforsvar eller risikotilstandar. Vaksinasjon er eit slikt viktig tiltak for folkehelsa vår som kan hindre alvorleg sjukdom og død hos mange.

Rydding og bruk av plantevernmiddel langs kommunale vegar

Teknisk drift vil denne veka utføre sprøyting med ugrasmiddel langs kommunale vegar i områda Moster og Rolfsnes.

Pårørandekonferansen 2025

Velkomen til Pårørandekonferansen 2025 i kulturhuset onsdag 24. september kl. 10.00-14.30. 

Stenging av Alvsvågvegen

Alvsvågvegen vert stengd på to stader torsdag 28. august frå kl 24:00-06:00. Det skal utførast arbeid med to grøfter som skal krysse vegen. Arbeidet gjeld tilknyting av VA-anlegg til nybygg.

Eigedomsskatt 2026: Synfaring for taksering av nye skatteobjekt

Kom­munen vil i løpet av dei komande månadane september - januar gjennomføra synfaring av alle nye skatteobjekt som er komne til i løpet av 2025. Bømlo kommune gjennomførte allmenn taksering av alle eigedomar som er skattepliktige etter lov om eigedomsskatt i 2023.

Spennande skulestart på Moster

Smånervøst trippande, forsiktig utstrakt hand og med “dinosaurar i magen” vart dei 18 nye førsteklassingane ynskt velkomen inn i klasserommet av rektor Joakim Lund og lærar Doris Grindheim Gausel måndag.