Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Serklau industriområde gnr. 20 bnr. 12, 79 m.fl., Mosterhamn, Planid 202108

Detaljreguleringsplan for Serklau industriområde gnr. 20 bnr. 12, 79 m.fl., Mosterhamn, Planid 202108 er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 18.08.2025

Kart som viser plassering av dei ulike føremåla i planen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for næringsareal med tilhøyrande teknisk infrastruktur. Området har i fleire tiår vore nytta til sjøtilknytt næringsverksemd, og vart regulert til industriformål i reguleringsplan R-45, vedteken av kommunestyret 27.04.1987. Denne planen manglar føresegner om utnyttingsgrad, byggehøgd og byggegrense mot sjø. Deler av området blei vidare regulert i planen for Serklauholmen frå 2009. Den nye reguleringsplanen vil erstatte planen frå 1987, medan planen frå 2009 vert vidareført, med unntak av ein mindre del.

Det er utval for areal og samferdsel som har gjort vedtak om at framlegg til detaljreguleringsplan for Serklau industriområde gnr. 20 bnr. 12, 79 m.fl., Mosterhamn, Planid 202108 skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Vedtaket vart gjort i møte den 06.06.2025 i sak PS 29/25. 

 

Frist for å komma med merknadar til planframlegget er sett til 18.08.2025. 

Gje merknad/innspel til planen (via digitalt skjema)

Alternativt kan merknadar sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes 

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no