Kontrollutvalet

For valperioden 2019-2023 er Ragnhild Ravna Skjærvik (Ap) leiar og Vegard Enerstvedt (H) nestleiar i kontrollutvalet for Bømlo kommune.  

Kontrollutvalet har 5 medlemer valde av kommunestyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyra same gruppe som ordførar. Medlemane og varamedlemane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova, kapittel 23, og i forskrift om kontrollutval og revisjon, kapittel 1. Det har normalt fem ordinære møter i året.

Kontrollutvalet skal føra tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret.

Viktige lenkjer

 

 

Seks personar i Kontrollutvalet 2019-2023 sit samla rundt bord i formannskapssalen. Foto. - Klikk for stort bileteKontrollutvalet 2019-2023 i Bømlo kommune er frå høgre Arne Zahl Røksund (SV), sekretær Hogne Haktorson, leiar Ragnhild Ravna Skjærvik (Ap), nestleiar Vegard Enerstvedt (H), Magne Rolfsnes (KrF, varamedlem ) og Silje Sivertsen (V). Simon Knutsson Sortland   

Til toppen