Gjeldande arealdel

Kommuneplanen sin arealdel seier kva me skal nytta alt arealet i Bømlo kommune til. 

Planen seier kva areal som er til bygging og til vern over heile kommunen, og seier kva det er lov å byggja på ulike plassar. Dette er vist i eit plankart kor me nyttar ulike fargar for ulike føremål, kor eit føremål kan vera til dømes bustad eller industri.

I tillegg inneheld planen føresegner som fyller ut plankartet med skriftlege reglar som gjeld for bygging i dei ulike føremåla. Føresegnene kan til dømes seia noko om kor stort me kan byggja, eller kva som må til for at me må laga reguleringsplan.

Kommuneplanen sin arealdel 2013 - 2025

Kommunestyret vedtok vår gjeldande arealdel i møte 18.03.2013. Det har sidan vore nokon rettingar av tekniske feil. Siste revisjon er av 31.01.2015.

Kommuneplanen sin arealdel kan du sjå her

Alle tilhøyrande dokument er også tilgjengelege i karttenaren. 

Elles kan du sjå dokumenta her:

Til toppen