Høyring av kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel (KPA) er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Merknadar til planen kan sendast inn fram til 01.05.2024.

Sjekk video om byggegrensa

Frist for å komma med merknadar til planframlegget er sett til 1.mai 2024.

Gje merknad/innspel til planen (via digitalt skjema)

Alternativt kan merknadar sendast på e-post til postmottak@bomlo.kommune.no, eller på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Forslag til kommuneplanen sin arealdel (KPA) blei behandla i formannskapet den 04.12.2023 i sak PS 52/23. Formannskapet vedtok å leggje planen ut på høyring, med nokre endringar. Dokumenta er oppdatert i tråd med vedtatte endringar. 

Me vil spesielt gjere merksam på at det er sett byggjegrense til sjø i 100-metersbeltet, sjå omtale under.

Høyringa er varsla i Bømlo-nytt og med brev til høyringspartar. Dei som har sendt inn innspel vil og få tilsendt brev om at planen er på høyring. 

Høyringsdokument

Det er blitt laga ein eigen kartløysing for kommuneplanen, med tre kart, eit som er ein digital versjon av plankartet, eit som viser gjeldande KPA opp mot dette forslaget, og eit som viser innspela som det er gjennomført konsekvensutgreiing (KU) av og konsekvensen av KU-en .

Kartløysinga

 

Digital versjon av plankartet er også lagt inn på Fonnakart (trykk på knappen under for å komme inn). For å få opp kartlag trykk på knappen med kommunevåpen og “Kartlag”. Her ligg forslaget til ny KPA som dei to nederste, om du velger å skru på den heilt nederst kan du velge å skru av og på forskjellige lag i planen etter ønske.  Om du trykker i kartet vil du få opp ei liste på det som ligg på dette punktet til høyre for kartet.

Fonnakart

Høyringsdokumenta i PDF-format ligg her:

Andre relevante dokument

Kort info om hovudtema i planen

Til toppen