Ulike måtar å påverke politisk

Du kan påverke korleis kommunen skal bli styrt - kva politikarane skal prioritere. Under har me samla ulike måtar du kan gjere di røyst høyrt.

Når du er 18 år kan og bør du nytta røysteretten din ved val. Men også du som er under 18 år har høve til å påverke - anten ved å ta direkte kontakt med politikarane eller nytta ulike talerøyr som offentleg talarstol eller innbyggjarinitiativet. Her har me samla ein del lenkjer der du kan gå inn og lære meir om dine moglegheiter for å påverke, korleis kommunen er politisk styrt, og kva planar kommunen vert styrt etter.

Politiske utval og råd

Kommunestyret

Formannskapet

Utval for næring, innovasjon, kultur og idrett

Utval for levekår

Utval for areal og samferdsel

Utval for natur, klima og miljø

Bømlo ungdomsråd

Bømlo eldreråd

Råd for personar med nedsett funksjonsevne

Open talarstol

I Bømlo har du rett til å få stilla spørsmål i forkant av kommunestyremøta i ein offentleg spørjetid. Kravet er at du har meldt inn spørsmålet innan kl. 12.00 dagen før møtet. Alle personar som er busette i kommunen kan stilla spørsmål til ordføraren, kommunestyret eller einskildmedlem av kommunestyret. Spørsmåla må gjelda kommunale forhold og være av ålmen interesse for kommunen sine innbyggjarar. Open talarstol er eit verkemiddel for å styrkja interessa for lokaldemokratiet. 

Her finn du reglane som gjeld ordninga Open talarstol (PDF, 62 kB)

Spørsmålet merka "Open talarstol" sender du til postmottak@bomlo.kommune.no

Innbyggjarforslag

Eit innbyggjarforslag gir Bømlo kommune sine innbyggjarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av. Dette er også kjend som Innbyggjarinitiativet - misak.no.

Lær meir om og/eller send inn ditt innbyggjarforslag

Offentlege høyringar

Etter vedtak i kommunestyret legg Bømlo kommune ut planar til offentleg høyring. Her har publikum høve til å kome med sine merknadar og innspel til ulike reguleringsplanar.

Kom med dine innspel direkte på svarskjema for offentlege høyringar

Rettleiar om saksbehandling i folkevalde organ

Kommunal- og distriktsdepartementet har utarbeidd ei rettleiing om saksbehandling i folkevalde organ i kommunar og fylkeskommunar. Rettleiinga omtalar dei sentrale saksbehandlingsreglane som gjeld før, under og etter møter i organa. Målgruppa for rettleiinga er folkevalde og tilsette i kommunen og fylkeskommunen, samt innbyggjarar, pressa og andre som er interesserte i saker som blir handsama av folkevalde. Blant tema som blir omtala er reglane for innkalling og gjennomføring av møter, krav til møteopenheit og habilitet hos folkevalde og tilsette i kommunen. Departementet ønskjer at rettleiinga skal vere eit praktisk verktøy for alle som skal handtere saksbehandling i folkevalde organ.

Rettleiar om saksbehandling i folkevalde organ
 

Til toppen