Oppstart
Kommunestyret i Bømlo vedtok i møte 15.02.21 eit planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel. Det blei varsla oppstart av arbeidet med rulleringa av kommuneplanen sin arealdel lørdag 20.03.21. Frist for å levera innspel var 31. mai. Me fekk til saman ca. 350 ulike innspel. Me takkar for engasjement og innsats i innspelsperioden. Det er viktig for kvaliteten i prosessen at folk involverar seg, og kjem med sine innspel.
Siling av innspel
Utval for areal og samferdsel vedtok i møte 06.04.2022 å godkjenna administrasjonen sitt framlegg til siling av innspel i samsvar med kapittel 6 i planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel. Innspel blei rydda, slått saman, silt og valt bort sånn at ca. 125 innspel blei sendt vidare til konsekvensutgreiing. Dette er innspel som er vurdert å vera på kommuneplannivå, og er kvalitetssikra med akseptabelt innhald eller av så komplekst innhald at ein vurdering i konsekvensutgreiing er høveleg.
Byggjegrensa til sjø
Det er utarbeida byggjegrense til sjø for alle områder utbyggingsområder i 100-metersbeltet, då det ikkje er tillatt å byggje i 100-metersbeltet om det ikkje er angitt byggjegrense i plan. Ved utarbeidinga av byggjegrensa er det laga ein rapport for å angi verdiar i kvart område og kva byggjegrensa opnar for. Utval for areal og samferdsel hadde byggjegrensa oppe som politisk sak 22.03.2023, og godkjente at denne blir lagt inn i planen før den blir lagt fram til behandling av formannskapet og så blir sendt på høyring.
Pågåande arbeid
Det blir for tida arbeida med å ferdigstille konsekvensutgreiinga som vurderer alle innspela som kom gjennom silinga og som vil være bakgrunn for om innspela tas inn i revidert plan eller ikkje. Samtidig blir det jobba med føresegner, plankart og planomtale.
Det blir også gått gjennom gjeldande reguleringsplanar for å sjå på om det er gamle reguleringsplanar som bør bli oppheva, grunna t.d. at det er ferdig utbygd eller manglar føresegner. Dersom ein reguleringsplan blir føreslått oppheva så vil grunneigarar innanfor aktuell reguleringsplan bli varsla om dette når kommuneplanen blir sendt på høyring.