Oppgradert sentralbord i kommunen

Måndag 10. november set Bømlo kommune i drift sitt oppgraderte sentralbord. - Målet er å gjera tenestene våre enda meir brukarvennlege og effektive, seier spesialkonsulent Silje Eriksen Oldereide i Fellessekretariatet.

Slik kan me auka tryggleiken og betra livskvaliteten for eldre

God informasjon, gode råd og mykje latter prega medlemsmøtet til Pensjonistforbundet Bømlo, der kommuneoverlegen snakka om trygg medisinbruk og førebygging av sjukdom og fall.

Erslandsvegen periodevis stengd 7.–9. november

Erslandsvegen kan bli stengd i inntil 30 minuttar i periodar frå torsdag 7. til laurdag 9. november på grunn av graving for fiber. 

Nytt helsetilbod godt motteke

- Etableringa av Rask psykisk helsehjelp har ført til eit betre og meir differensiert tilbod enn tidlegare, sa kommunepsykolog Øivind Johnsen i Utval for levekår tysdag. 

Digital post - kva passar best for deg?

I Noreg har du fleire måtar å motta digital post frå det offentlege og private på.

Røyksundvegen open for ferdsel i dag - stengjer i morgon

KV1130 Røyksundvegen er open i dag måndag, men vert stengt i morgon tysdag i tidsrommet 07.00-19.00 i samband med fjellsikringsarbeid. Det er redusert framkome på den smale vegen.

Servicevertane verd si vekt i gull

– Det betyr noko å koma på jobb og vita at det betyr noko for andre, seier Laila Bø.

Framsnakkar faget og kollegaene sine

- Me ynskjer å fremja faget vårt og syne kor stor pris me set på dei gode kollegane våre, fortel kreftsjukepleiarane Vivian Bærøy og Martha Fylkesnes Nesse. Onsdag 29. oktober markerte dei Verdsdagen for lindrande behandling på Bømlo bu- og helsesenter med nysteikte vaflar og muffins, stort premiebord og tilmed eit lukkehjul. 

Kommunedirektøren tilrår ikkje sal av BUS-tomta no

Formannskapet får opp sak om gamle BUS-tomta i komande politiske møterunde. Kommunedirektøren tilrår at gamle BUS-tomta ikkje vert seld på noverande tidspunkt, men blir verande i kommunal eige. Målet er å sikre at vidare utvikling skjer i tråd med kommunale mål og behov.

Varsel om vegarbeid ved Heddabakkestølen

Frå 27. oktober til 21. desember 2025 skal det oppgraderast gammalt VA-anlegg på strekninga Heddabakkestølen i Rubebstadneset. Arbeidet vert utført av Engevik & Tislevoll AS på oppdrag frå BVA.