Oppstart av ny detaljregulering for bustadområde Melingsvågen, gnr./bnr. 101/159 m.fl., Planid: 202501

Arbeid med ny detaljregulering for bustadområde Melingsvågen, gnr./bnr. 101/159 m.fl., Planid: 202501 er starta opp. Det er mogleg å komma med innspel til planen fram til 26.07.2025 .

Oppstart av ny detaljregulering for Klovøya, gnr./bnr. 98/2, Planid: 202502

Arbeid med ny detaljregulering for Klovøya, gnr./bnr. 98/2, Planid: 202502 er starta opp. Det er mogleg å komma med innspel til planen fram til 20.06.2025 .

Habitatkartlegging av sjøaurebekkar på Bømlo

Bømlo kommune har fått gjennomført ei omfattande kartlegging av leveområda for sjøaure i åtte lokale vassdrag. Målet er å betre den økologiske tilstanden i bekkane og sikre gode forhold for fisk og anna liv i vassdraga.

Over to millionar kroner i tippemidlar til Bømlo

Bømlo kommune er tildelt 2.070.000 kroner i tippemidlar for 2025. Dei to største fordelingane gjekk til Sherpa-trappene til Siggjo og dagsturhytta Barmane.

No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2025.

Gilje-elevar på pallen

Fire elevar frå 6. klasse ved Gilje skule har markert seg heilt i toppen i årets fylkesfinale i SMARTare teknologi, arrangert av Ungt Entreprenørskap Vestland. Elevane Freya Beddig Kruse, Even Østli Funderud, Kristoffer Mathiassen og Andreas Alvsvåg Undheim tok ein imponerande 2. plass – og fekk både diplom og iskrem som påskjønning frå ordføraren.

Går for utleige til Foldrøy Montesorriskule

Formannskapet tilrår samrøystes kommunestyret å gje kommunedirektøren fullmakt til å inngå intensjonsavtale og leigeavtale med Foldrøy Montessoriskule AS. Kommunen skal etter 3 års utleige vurdere sal av bygget til leigetakar.

- Ver på vakt for stor skogbrannfare

- Ein stor takk går til alt brannmannskap, lokalt og frå nabokommunar, som i går kveld, i natt, og no utover dagen jobbar hardt for å stogga skogbrannen i Siggjarvågen. Me andre får halde oss langt unna ild, og vera observante rundt oss. Det er stor brannfare i området, og her må me alle vera i beredskap, oppmodar ordførar Morten Helland.

Representantskapsmøte i Legevakta

Representantskapen i Sunnhordland interkommunale legevakt er innkalla til møte onsdag 11. juni 2025. Det er ordførarane i Stord, Fitjar og Bømlo som møter i tillegg til dagleg leiar og styreleiar.

Bli med på laget til Bømlo brann og redning

Er du 20 år, i god fysisk form og ynskjer å utgjere ein forskjell? Sjekk ut ledige faste deltidsstillingar ved brannstasjonane på Langevåg og Moster.