Visningsstatistikk frå Bømlo kommune sitt digitalarkiv viser 1515 visningar i 2024.
«Menn i helse» skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er me på leit etter nye deltakarar til kull 2025.
Alle barn og unge i alderen 11-15 år kan få eit tilskot på inntil kr. 2000 i 2025 til ein fast, organisert fritidsaktivitet gjennom Fritidskortet.
Overflyttinga av bebuarar ved Bømlo omsorgstun til Bømlo bu og helsesenter starta tysdsdag 8. januar. - Det meste er på plass og me er klare til å gje våre nye bebuarar ei varm velkomst og smidig overgang, seier avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen ved BBH.
Bømlo kommune har no utvida sitt verkty Framsikt til også inkludera ein planmodul i tillegg til økonomimodulen. Planstrategi for perioden 20240-2030 er det første plandokumentet publisert i Framsikt.
KrF, H, og Ap la fram eit felles framlegg til budsjett 2025 og økonomiplan 2026-2028 som vart vedteke av kommunestyret med 25 mot to røyster. Framlegget hadde med 18 verbalpunkt som alle vart vedtekne.
Radon er ein usynleg og luktfri, radioaktiv gass som kan samle seg i innelufta og utgjere ein helserisiko. For din tryggleik blir det tilrådd å måle radon i bustaden, særleg i vintermånadene.
Kommunestyret vedtok i september retningslinjer i samband med søknadar om mellombels dispensasjon frå gjeldande plan om bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad. Eit samrøystes kommunestyre vedtok måndag kveld nokre avklaringar og presiseringar.
Bjørnis hadde ein travel dag på jobb fredag med besøk av både 3. klassingar frå Moster skule og deltakarar ved Bømlo vaksenopplæring.
Bømlo ungdomsråd har konstituert seg for 2024-2025 med Alis Natterøy som leiar og Bjarte Tjensvoll Notland som nestleiar.