Mange lurer på kva smittevernreglar som gjeld for konfirmasjonsselskap. Det er kanskje ikkje så lett å tolka forskrifta og/eller tilrådingane, og det kan kome nye tiltak, restriksjonar eller letter før mai. Kommunen følgjer dei nasjonale reglane og tilrådingane, men får ikkje førehandsvarsel og må vente på kunngjeringar frå regjeringa.