Politiet ber foreldre snakka med borna om ukjende bilar

Dei siste vekene har det kome fleire meldingar om at ukjende personar har tilbode born skyss eller prøvd å lokka dei inn i bilar. Dette har skjedd fleire stader i kommunen. Politiet veit ikkje om det er snakk om den same bilen eller dei same personane.

Vaksinasjonssesongen startar 17. november

Bømlo kommune inviterer til influensa- og koronavaksinering for personer som inkluderes i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Vaksineringa føregår på Foldrøy skule, Langevåg legekontor og Espevær bedehus.

Tenestestandard for tydelegare tenester og felles praksis

Kva hjelp kan du få, og korleis kan kommunen støtta deg? Kommunestyret har vedteke ein tenestestandard for helse.

Ordførarkaffi for nye bømlingar

Ordførar Morten Helland inviterer til sin haustlege ordførarkaffi onsdag 11. november i kommunestyresalen. Invitasjon er sendt ut til alle som har fått ny folkeregistrert adresse i Bømlo kommune første halvår 2026. 

65 år – neste kapittel: Treff for alle fødde i 1961

Torsdag 12. november inviterer Bømlo kommune alle innbyggjarar som fyller 65 år i 2026, til ein kveld med god prat, nyttig informasjon og inspirasjon i kommunestyresalen.

Skal framleis ta omsyn til både hjelpetrengjande og pårørande

Ny tenestestandard for helse har skapt mykje debatt om kva kommunen skal tilby av helsehjelp framover, og til dels uro for kor mykje som skal overlatast til pårørande. Dette kom også fram under kommunestyret sitt møte måndag kveld.

Viktig om informasjonspunkt og eigenberedskap

Bømlo kommune har planlagt informasjonspunkt ved bortfall av ekom (mobilnett og internett), som også er tema i Eigenberedskapsveka 2026 me no er inne i. I samband med dette har me også laga ein animasjonsfilm. 

Stramt budsjettforslag med behov for større omstilling

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter føreslår å redusera driftsramma med 32 millionar kroner i framlegget til budsjett og økonomiplan for 2027–2030. Målet er å få økonomien i balanse og samstundes ta vare på kompetansen og utviklingskrafta kommunen treng.

Fylte nytt tre med fine ord på FN-dagen

Eit nytt tre i gangen fekk blad med ord og meining då vaksenopplæringa markerte FN-dagen på forskott 22. oktober. Deltakarar frå asylmottaket og frivillige var med på markeringa «Saman som menneske».

Gode råd medan du ventar på influensavaksina

Årets influensasesong nærmar seg, men influensavaksinane kjem seinare enn vanleg. Me deler difor enkle råd som kan bidra til at ein kan beskytte seg sjølv.