- Ver på vakt for stor skogbrannfare

- Ein stor takk går til alt brannmannskap, lokalt og frå nabokommunar, som i går kveld, i natt, og no utover dagen jobbar hardt for å stogga skogbrannen i Siggjarvågen. Me andre får halde oss langt unna ild, og vera observante rundt oss. Det er stor brannfare i området, og her må me alle vera i beredskap, oppmodar ordførar Morten Helland.

Bli med på laget til Bømlo brann og redning

Er du 20 år, i god fysisk form og ynskjer å utgjere ein forskjell? Sjekk ut ledige faste deltidsstillingar ved brannstasjonane på Langevåg og Moster.

- Guttakrutt - helsejobb er kult!

- Det er absolutt ingen grunn til at ikkje guttakrutt skal jobba innan helse. Eg er utdanna skodespelar, men dette er absolutt det kjekkaste eg har vore med på. Det er berre dritkult.

Vedtak av reguleringsplan bustad- og næringsområde Busthorn Hollund 89/4,9 m.fl. Planid 201410

Reguleringsplan bustad- og næringsområde Busthorn Hollund 89/4,9 m.fl. Planid 201410 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 11.06.2025. 

Vedtak av detaljregulering for naust – og fritidsbustad, Aravikjo 8/67 Ytre Håvik, PlanID 202306

Detaljregulering for naust – og fritidsbustad, Aravikjo 8/67 Ytre Håvik, PlanID 202306 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 11.06.2025. 

Ungdomspolitisk dag på Bømlo

Onsdag 14. mai var 57 elevar samla i kommunestyresalen i Bømlo rådhus for å jobbe med tema rasisme og hatefulle ytringar.

Bømlo - ein av landets beste friluftskommunar

På Friluftsbarometeret som nyleg blei lansert, fekk Bømlo ein 15. plass av kommunane i Noreg og ein 4. plass i Vestland.

- Må kjempa for fridom og demokrati

- Det var rart å flykta frå krigen og kome til eit framandt land der jamaldringar kunne spele fotball og gjere det dei ville i fred. Det er lett å ta fridomen for gitt.

Bygger nye el-ladestasjonar ved BBH

Det skal etablerast nye el-ladestasjonar på deler av p-plassen ved gamle Bremnes legesenter mellom Bøtun og Bømlo bu og helsesenter.

Ja til Busthorn - fortrinnsrett for lærlingar

Sjølv to utsetjingsframlegg forhindra ikkje fleirtalet i kommunestyret å vedta reguleringsplanen for bustad- og næringsområde Busthorn Hollund 89/4,9 m.fl. med 15 mot 12 røyster. Etter eit samarbeid mellom Ap og FrP vart det også vedteke med 14-13 røyster å gi lærlingar innan helsefag i Bømlo kommune fortrinnsrett til faste stillingar.