Lokal energi kan gi Bømlo meir kraft til utvikling

Bømlo kan frigjera kapasitet i straumnettet utan å byggja ned urørt natur. Det er hovudbodskapen i energirapporten frå Gunnar Tinjar i Profutura, som presenterte dei viktigaste funna for kommunestyret 26. oktober. Rapporten peikar særleg på energieffektivisering, spillvarme, sjøvarme, energibrønnar, solceller og smart styring av straumnettet.

Flyttar kveldens arrangement til neste år

Bømlo kommune utset kveldens planlagde arrangement “65 år - neste kapittel” grunna lite påmelding og flyttar det til torsdag 28. januar 2027. 

Desse elevane gjekk heilt til topps: – Det var heilt fantastisk

Jubelen stod i taket då 6. klasse ved Moster skule vann den gjævaste prisen i First Lego League. No ventar den skandinaviske finalen i Sverige.

Nytt fortau i Vestvikvegen er ferdig

Arbeidet med nytt fortau og betre handtering av overvatn langs fylkesveg 4992 Vestvikvegen er no ferdig. Det einaste som står att, er vegmerking. Denne kjem på plass snart.

Avlyste politiske møter

Grunna få politiske saker vert fleire utvalsmøter avlyste denne møterunden.

Pass deg for falske investeringar

Svindlarar kan prøve å lure deg til å investere i aksjar, kryptovaluta eller gull.

Statsforvaltaren møter utval for areal og samferdsle

Kor stort handlingsrom har kommunen i plan- og byggjesaker? Det blir eitt av temaa når politikarar og administrasjonen i Bømlo kommune møter Statsforvaltaren 18. november. Møtet er ope for publikum.

Adventskonsertar med Åsmund Nesse

Bømlo kulturskule inviterer til adventskonsertane 2026 i Bremnes og Moster kyrkjer med elevar frå kulturskulen og solist Åsmund Nesse.

Høyring av kommuneplanen sin arealdel

Kommuneplanen sin arealdel er no lagt ut på høyring. Høyringsfristen er 20.01.2027.

Bømlo får 1,6 millionar kroner til ny fritidsklubb

Bømlo kommune får 1,6 millionar kroner til å etablera Møteplassen på Svortland i gamle BUS. Ungdommane skal sjølve vera med og bestemma korleis den nye fritidsklubben skal bli.