Onsdag var landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland på besøk på Bømlo for å skaffa seg eit oversyn på kva som er bra og kva som er utfordringane i landbruket her.
Formannskapet tilrår samrøystes kommunestyret å sende søknad om statleg tilskot for Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter. Dei fekk også orientering om status for omsorgsbustadar på Svortland, Moster og Langevåg av prosjektutviklar Ane Agdestein.
Elevrådet på Svortland skule arrangerer sjakkturnering kvar vår. Dette er for for alle elevane som har lyst på 4. -7. trinn.
Bømlo kommune vil opprette ei økonomisk referansegruppe som ledd i å styrka samarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde i dei krevjande økonomiske tidene kommunen står i og vil møta framover.
Engevik & Tislevoll er i gang med bygging av fortau langs Vestvikvegen som skal vere ferdig 3. desember 2026. Vegen vert lagt om på staden i ein periode, og kan verte stengd i korte periodar under bygginga, opplyser teknisk drift i Bømlo kommune.
Det var både historiske linjer og framtidstru som låg i den regnvåte lufta då den nye kaien på Hisøy vart opna nyleg. – No kan me endeleg invitera fleire ut hit, sa leiar Idar Grasdal i Christian Heitmanns Legat i helsinga si.
Bømlo kommune har vore med i Jobbsjansen sidan 2012 og har fått midlar kvart år. Målet er å gi innvandrarkvinner som står langt frå arbeidslivet ein reell veg inn i jobb eller utdanning. No har me ledige plassar, og me ønskjer fleire med.
Bømlo kommune inngjekk samarbeidsavtale med Jobbvinnar i fjor for å utvikla og innføra mentorordning.
Formannskapet vart torsdag orientert om at kommunen no har tilsett to nye legar frå Kroatia og Tyskland slik at Bømlo frå hausten av har full legedekning. Nytilsett økonomisjef Sindre Anders Halvorsen deltok i sitt første formannskapsmøte.
Det er 20 søkjarar til to stillingar på byggesak og seksjon samfunnsutvikling jobbar med oppfølging av interpellasjonen frå kommunestyret om drifta.