God utvikling i kommunen

Formannskapsmedlemene i Bømlo fann mykje å gleda seg over i møtet torsdag, men krev også tett oppfølging av økonomisk drift. Særleg gledeleg er framdrifta i Bømlo fiskerihamn og god skatteinngang. Viergo orienterte om brannen i juni og planane framover.

Vaksinasjon for vaksne – eit viktig folkehelsetiltak

Nokre tiltak er blitt så naturlege for oss at me kan gløyme å tenkje over kor viktige dei er. Enkelte sjukdommar toler me dårlegare i visse aldersgrupper, eller om me har redusert immunforsvar eller risikotilstandar. Vaksinasjon er eit slikt viktig tiltak for folkehelsa vår som kan hindre alvorleg sjukdom og død hos mange.

Rydding og bruk av plantevernmiddel langs kommunale vegar

Teknisk drift vil denne veka utføre sprøyting med ugrasmiddel langs kommunale vegar i områda Moster og Rolfsnes.

Stenging av Alvsvågvegen

Alvsvågvegen vert stengd på to stader torsdag 28. august frå kl 24:00-06:00. Det skal utførast arbeid med to grøfter som skal krysse vegen. Arbeidet gjeld tilknyting av VA-anlegg til nybygg.

Spennande skulestart på Moster

Smånervøst trippande, forsiktig utstrakt hand og med “dinosaurar i magen” vart dei 18 nye førsteklassingane ynskt velkomen inn i klasserommet av rektor Joakim Lund og lærar Doris Grindheim Gausel måndag.

Behandlar vegar med plantevernmiddel

Denne veka skal avdelinga Park, grønt og samferdsle klargjere for asfaltering. Ei av oppgåvene er å behandle vegane med plantevernmiddel. Dette gjelder deler av Nesevegen, Agasøstervegen, Nordre Eikeland, Onglaviksvegen og eit parkeringsareal ved Kyrkjegardsvegen. 

Flytt til Bømlo og få sletta studielånet

Er du nyutdanna og vurderer å flytte til Bømlo kommune? Då kan du ha rett på sletting av studielån på visse vilkår. Over tid kan du spara fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.

Tenk tryggleik og klipp hekken før skulestart

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føra til farlege situasjonar i trafikken. Trygg Trafikk oppmodar folk om å klippa hekkane i samband med skulestart.

Prøveresultat badeplassar 2025

Den årlege prøvetakinga frå dei offentlege badeplassane er gjennomført, og prøvane visar gode resultat i år og. 

Ungdom ved roret – stødig kurs framover

Bømlo ungdomsråd fekk nyleg beskjed om at dei, saman med Ungdommens kommunestyre i Askøy, får innvilga knappe 700 000 kroner til prosjektet «Ungdom ved roret – stødig kurs framover»  gjennom tilskotsordninga Erasmus+Ungdom.