Eit godt liv på Søre Bømlo: Ledige omsorgsbustadar ved Bømlo omsorgstun

Ønskjer du ein trygg og tilrettelagd bustad med nærleik til både tenester, aktivitetar og eit levande lokalsamfunn? Det er ledige omsorgsbustadar i den nyare delen av Bømlo omsorgstun i Langevåg.

Hugs søknadsfrist 1. oktober for aktivitetsmidlar

Det er for 2026 sett av aktivitetsmidlar til lag og organisasjonar med søknadsfrist 1. oktober.

UTSETT: Bli med på servicekurs: Korleis gje god service til personar med demens?

Servicekurset Demensvennlig samfunn i morgen 17.09 er avlyst, grunna for lite påmelde. Nytt kurs vert 15.10. 

Eldredagen samlar seniorar frå heile Bømlo

Torsdag 24. september inviterer fleire organisasjonar til markering av Den internasjonale eldredagen i Bømlo kulturhus. Publikum får høve til å møta andre og eit flott kulturinnslag med sjølvaste Helge Jordal samt fagleg påfyll.

Gratis kjøken frå BBH – mot henting

Har du bruk for eit kjøken til naust, hytte, garasje eller bod? I samband med renovering av leilegheiter i sokkeletasjen på BBH gir me vekk brukte kjøken gratis mot henting. Første mann til mølla-prinsippet gjeld.

Bli med på felles digital visning av Pårørandekonferansen 2026

Fredag 2. oktober inviterer me pårørande, tilsette i Bømlo kommune og andre interesserte til ei felles digital visning av Pårørandekonferansen 2026 i Bømlo kulturhus. Det er gratis å delta, men du må melda deg på.

Kjenner du til ei strandlinje som treng rydding?

Bli med på ryddeaksjonen Rein Hardangerfjord 14.-20. september!

Øvde på krevjande redning ved Ramnabrotet

Ein person ligg fastklemd under ei stor steinblokk på ein avsats 15 meter nede i bratt terreng. Samstundes kjem melding om ein person observert i sjøen. Det var scenarioet som møtte brannmannskapa under redningsøving ved Ramnabrotet tysdag og onsdag denne veka.

Vedtak av endring 2 av Detaljregulering for naustområde Skutevik 4/89 m.fl., Hidle, PlanID 202107

Endring 2 av Detaljregulering for naustområde Skutevik 4/89 m.fl., Hidle, PlanID 202107 er vedtatt. Klagar til endringa kan sendast inn fram til 03.10.2026. 

Vedtak av endring 6 av Detaljregulering for Fv. 541 Sakseid - Hestaneset - PlanID 201406

Endring 6 av Detaljregulering for Fv. 541 Sakseid - Hestaneset - PlanID 201406 er vedtatt. Klagar til endringa kan sendast inn fram til 03.10.2026.