Bømlo kommune og Atheno delA-byggfagforum inviterte nyleg byggebransjen til møte om rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA) – nye føresegner. - Skal me få ei best mogleg rullering av arealdelen til kommuneplanen er det viktig at me har god dialog med og får innspel frå dykk som er tilknytt lokal byggebransje, eller arbeider med prosjekt i Bømlo kommune, opna kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.