Me er no inne i ei tid der smittsame sjukdomar er aukande. Dette gjeld særleg Covid-19, RS-virus og influensa. Difor er det viktig å igjen følgje smittevernråda me fekk innunder huda i koronapandemien.
Grunna stort arbeidspress og redusert bemanning må me stengja teknisk kundetorg ved rådhuset til ut mars 2023.
Oda Løvø Steinsvåg er tildelt Bømlo kommune sitt kulturstipend for 2022. Stipendet er på 25.000 kroner.
Bømlo kommune tel no 12 123 inbyggjarar, noko som betyr 0,51 prosent vekst i folketalet dei tre første kvartala i år.
Bømlo folkebibliotek sin populære Språkkafè opna att onsdag etter to års koronapause. - Dette er eit ope arrangement for alle som vil, og over 20 friviljuge har meldt seg som språkvertar, fortel ein nøgd programansvarleg Øystein Kausrud.
Bømlo kommune har skifta leverandør for tryggleiksalarm. Denne endringa gjer at me i desse dagar bytar ut alle dei gamle tryggleiksalarmane og det vert montert opp ny, inkludert røyksensorar og anna sensorteknologi.
Denne veka har folkehelsekonferansen vore arrangert på Hamar. Bømlo kommune var tilstades og heldt innlegg.
Passkøen hjå politiet er no vekke. Det kan difor vere smart å tinge time for fornying av pass eller id-kort.
Mange tyr til auka fyring med ved grunna dei høge straumprisane me har no. Det er utruleg viktig å hugse på å bruka tørr ved, mindre vedkubbar og ha riktig trekk for å unngå eventuell pipebrann.
Bømlo kommunale eigedomsselskap AS (BKE) fekk onsdag overrekt provet på at dei er ei sertifisert miljøfyrtårnverksemd. Ordførar Sammy Olsen gratulerte dagleg leiar Ingrid Urheim Halleraker og staben i BKE med miljøsatsinga.