Entreprenøren B45 anlegg as opplyser til Bømlo kommune at vegen forbi Ramnabrotet vert stengt fram til kl. 18.00 etter sprengninga i dag.
NB: Følg med på VTS for å halda deg oppdatert. (Søk på Moane, Bømlo, Vestland)Sjå også nettsida til Vestland fylkeskommune - Bømlopakken / Facebook - Bømlopakken, Vestland fylkeskommune
Ønskjer du ein trygg og tilrettelagd bustad med nærleik til både tenester, aktivitetar og eit levande lokalsamfunn? Det er ledige omsorgsbustadar i den nyare delen av Bømlo omsorgstun i Langevåg.
Innbyggjarane i Bømlo må venta lenger enn vanleg på årets influensa- og covidvaksine. Årsaka er forseinka levering av vaksinar til Noreg. Samstundes flyttar massevaksineringa frå gamle BUS til Foldrøy skule.
Det er for 2026 sett av aktivitetsmidlar til lag og organisasjonar med søknadsfrist 1. oktober.
Servicekurset Demensvennlig samfunn i morgen 17.09 er avlyst, grunna for lite påmelde. Nytt kurs vert 15.10.
Torsdag 24. september inviterer fleire organisasjonar til markering av Den internasjonale eldredagen i Bømlo kulturhus. Publikum får høve til å møta andre og eit flott kulturinnslag med sjølvaste Helge Jordal samt fagleg påfyll.
Har du bruk for eit kjøken til naust, hytte, garasje eller bod? I samband med renovering av leilegheiter i sokkeletasjen på BBH gir me vekk brukte kjøken gratis mot henting. Første mann til mølla-prinsippet gjeld.
Fredag 2. oktober inviterer me pårørande, tilsette i Bømlo kommune og andre interesserte til ei felles digital visning av Pårørandekonferansen 2026 i Bømlo kulturhus. Det er gratis å delta, men du må melda deg på.
Bli med på ryddeaksjonen Rein Hardangerfjord 14.-20. september!
Ein person ligg fastklemd under ei stor steinblokk på ein avsats 15 meter nede i bratt terreng. Samstundes kjem melding om ein person observert i sjøen. Det var scenarioet som møtte brannmannskapa under redningsøving ved Ramnabrotet tysdag og onsdag denne veka.
Endring 2 av Detaljregulering for naustområde Skutevik 4/89 m.fl., Hidle, PlanID 202107 er vedtatt. Klagar til endringa kan sendast inn fram til 03.10.2026.