Positiv låneutvikling for Bømlo folkebibliotek

Bømlo folkebibliotek kan melde om ein svært positiv trend i utlånstala og arrangement. Våge filial vert lagt ned som folkebibliotekfilial grunna innsparingar og låge besøkstal med siste opningsdag 13. januar.

Forbod mot røyking på leikeplassar og idrettsområder frå 1. januar 2026

Det er frå 1. januar 2026 forbode å røyka på leikeplassar og utandørs idrettsområder. Dette følger av endring i tobakksskadelova. Forbodet gjeld både tobakksvarer og e-sigaretter/vape. Forbodet gjeld alle leikeplassar og idrettsområde der allmennheita har tilgang.

Næringsfrukost med totalberedskap på menyen

Bømlo næringsråd inviterte til frukostmøte med tema totalberedskap og kring 40 personar deltok på brannstasjonen på Svortland.

Nettmøte om å bli fosterheim

Tysdag 20. januar klokka 20.00 er det digitalt informasjonsmøte om å bli fosterheim. Kanskje det er noko du har tenkt på?

Er isen trygg?

Bømlo kommune har ikkje eit ansvar eller eit system for å kontrollere eller godkjenne skøyteis på vatn og tjern. Det betyr at ansvaret ligg hos deg. Ein vaksen må alltid sjekke om isen er trygg før nokon går utpå.

Ny sjanse for å delta i Menn i helse

Bømlo kommune søkjer no etter vaksne arbeidssøkjande menn som vil få tilbod om ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse. Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vere alt frå tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå Nav og lønn frå kommunen.

Utsett skulestart for Meling

Skulestart ved Meling skule er utsett frå måndag 5. til tysdag 6. januar 2026. Årsaka er at det seint søndag kveld var branntilløp med kraftig røykutvikling i det elektriske anlegget i teknisk rom i kjellaren på skulen.

Stikk UT! 2025 i tal og nye moglegheiter i 2026

2025 vart året då me i Friluftsrådet Vest gjekk over til å bruke Stikk UT! som turregistreringsprogram. I oppstartsåret hadde me ein kort vintersesong og ein lengre sommarsesong med god respons.

Kommunen planlegg tilsyn ved asylmottaket i januar

Bømlo kommune skal arbeida for å trygga innbyggarane og dei som oppheld seg i kommunen mot å verna folk mot helseskade frå omgjevnadane som kan ha negativ innverknad på helsa. Dette arbeidet kallar me miljøretta helsevern og er ein del av det forebyggande arbeidet til kommunen.

Flott juleavslutning for Bømlo vaksenopplæring

Bømlo vaksenopplæring hadde flytta juleavslutninga si til kommunestyresalen i år. Ordførar Morten Helland la i si helsing vekt på at i jula er det ekstra viktig å passa godt på kvarandre.