Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Registrer deg for koronavaksine

Me oppmodar alle i alderen 18-84 år om å registrere seg for å få vaksine mot covid19. Dette gjeld også deg som ikkje ønskjer å vaksinere deg.

Vaksineregistrering

Her finn du korleis du går fram steg for steg for vaksineregistrering

Over 85 år

Alle som er 85 år og eldre som bur i eigen heim vil bli kontakta direkte av kommunen på telefon. Desse og dei som har avtale med heimetenestene om vaksinering treng ikkje registrere seg på nett. Heller ikkje alle som bur på sjukeheim som har fått tilbod om vaksine.

SMS og vaksinasjonskø

Registreringssystemet baserer seg på BankID og opplysningane dine er såleis trygge. All kontakt skjer digitalt og difor må ein oppgje mobiltelefonnummer og ikkje fasttelefonnummer. Stadfesting av registrering og når det er din tur til å få vaksine får du melding på mobiltelefonen.

Då loggar du deg inn på nytt og set deg opp på ledig time. Du får då to timar samstundes, for begge dosane, då dei må takast innan eit visst tidsrom. Hugs at dersom du har symptom på forkjøling eller covid-19 skal du ikkje møte til vaksinering.

Det er ei prioriteringsrekkefølgje for kven som får vaksine kva tid

Me oppmodar alle om å registrere seg så raskt som mogeleg. Kor raskt ein får vaksine kjem an på kor raskt kommunen får tilført vaksinar. Først i køen no står dei som er over 85 år. Kva tid dei yngre får vaksine er ikkje råd å svare på i dag. 
 
Vaksinetelefon 53 42 30 02

Me oppmodar pårørande til å hjelpe til både med registrering og skyss til vaksinasjonsstad. Har du spørsmål kan du kontakta vaksinetelefonen vår for hjelp. Vaksinetelefonen er i drift frå måndag 18. januar.

På gamle BUS

Vaksineringsstad blir på tidlegare Bremnes ungdomsskule på Svortland. Så langt er det lagt opp til at seks sjukepleiarar vil vera til stades for å gjennomføre sjølve vaksineringa på vaksineringsdagane. I utgangspunktet har me kapasitet til å setja om lag 400 dosar pr. vaksineringsdag.

Ta vinterferien i symjehallen

Bømlo symjehall er plassen å leggje vinterferien - uansett ver. Her er det mykje kjekke aktivitetar å finne på i gode og trygge omgjevnadar for små og store. No kan du også reservere plass på førehand.

Smittevernreglar for konfirmasjonsselskap

Mange lurer på kva smittevernreglar som gjeld for konfirmasjonsselskap. Det er kanskje ikkje så lett å tolka forskrifta og/eller tilrådingane, og det kan kome nye tiltak, restriksjonar eller letter før mai. Kommunen følgjer dei nasjonale reglane og tilrådingane, men får ikkje førehandsvarsel og må vente på kunngjeringar frå regjeringa. 

Plassreservasjon i Bømlo symjehall

Me startar allereie frå tysdag 2. mars. Reserver plass når det høver deg og les informasjonen nøye. Slik både unngår du kø og ventetid, og hjelper oss med å leggja til rette for godt smittevern.

Aktivitetar og arrangement for aldersgruppa 65+

No kan grendautval, lag og organisasjonar søkja på midlar til aktivitetar og arrangement for 65+

Nær 14 millionar i tilskot til kommunane Stord, Bømlo og Fitjar

Stord, Fitjar og Bømlo har i dag fått melding frå Bufdir om at dei tre samarbeidskommunane har blitt tildelt kr 13.810.000,- i tilskot til forsøk med fritidskort haust 2021 og vår 2022.

Større boltreplass på Meling skule

Skuleåret 2021-2022 vil Meling skule ta imot elevar og tilsette i ein oppgradert og ny bygning med mellom anna  to nye klasserom, grupperom, nytt kontor for skulehelsetenesta og nytt areal for skulefritidsordninga. Lærarane får moderne arbeidsplassar og i tillegg vert det nye leikeapparat på uterområdet. Total kostnadsramme er på 28,4 millionar kroner.

Besøksreglar på institusjonane våre

På grunn av auke i smitteomfang på Bømlo også med ukjente smittevegar finn me det et naudsynt å innføre strengare besøksreglar og smittevernrutinar frå i dag 23.12. 2020 og inntil vidare.

312 vaksinedoser dei neste to vekene - 05.02.2021

Bømlo kommune får tildelt 26 hetteglas av koronavaksine både i veke seks og sju. Det er 52 glas eller 312 vaksinedoser som skal gis fram til 21. februar.

Du treng ikkje ringe for å sjekke om du er registert for koronavaksinering - 22.02.2021

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. - Me er glade for at folk registrerer seg, men dei som allereie har registrert seg treng ikkje ringe vaksinetelefonen for å sjekka om dei er registrert, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr.

Regjeringa letter på koronatiltak for born, unge og studentar- 20.02.2021

Regjeringa fører i hovudsak vidare dei nasjonale smitteverntiltaka, men det blir lette i tiltaka for born, unge og studentar. Endringa er at det vert opna opp for inntil 100 personar på innandørs arrangementer med «faste plassar», idrettsarrangement og konkurransar, men ikkje for arrangement som kryssar kommunegrensene.

Til toppen