Klarar du deg i sju dagar utan vatn og straum?

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober og her vert det sett fokus på at me er alle ein del av Noreg sitt totalforsvar. Hovudbodskapen er at alle bør vurdere moglege hendingar og planlegge for sjølvberging i minst sju døgn ved bortfall av kritisk infrastruktur som straum og vatn.

Må sikra gode tenester framover

Kommunedirektøren presenterte sitt budsjettforslag for 2025 og økonomiplan2025-2028 for kommunestyret måndag ettermiddag. - Hovudmålet er å sørgja for at kommunen har ein stabil økonomi, slik at me kan halde fram med å tilby gode tenester til innbyggjarane våre både i dag og i framtida, seier kommunedirektør Aga Gjøsæter.

Kontaktinformasjon frivillige lag og organisasjonar

Dei fleste laga og organisasjonane i Bømlo er registrerte i Frivillighetsregisteret som er ein del av Brønnøysundregistera, men det er ikkje noko meldeplikt eller liknande til Bømlo kommune. Me ynskjer å bli betre, og då er oppdatert kontaktinformasjon særs viktig.

Tilskot til integrering av born og unge 2025

Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” er no lyst ut for 2025 med søknadsfrist 1. november. 

Vaksinering haust og vinter 2024/25

Personar i risikogrupper vert tilrådd vaksinasjon mot influensa, korona og lungebetennelse. Kommunen inviterer til vaksinedagar for aktuelle som bur og oppheld seg i kommunen.

Nytt Innbyggjartorg i hovudbiblioteket

Måndag 14. oktober opnar Bømlo kommune sitt nye Innbyggjartorg i Bømlo folkebibliotek. - Lengre opningstider og difor betre service er bakgrunnen for at me no flyttar kundetorget frå rådhuset og ned til biblioteket, seier personalsjef Vanja Espeland. 

NAV og Bømlo kommune med samarbeidsavtale

Bømlo kommune og NAV underteikna nyleg ein samarbeidsavtale med siktemål om å sikra sysselsetting og yrkesdeltaking, og at den skal bidra til eit meir heilskapleg og strukturert arbeid. 

Skulebruksplanen skapar engasjement

Kommunestyresalen var fullsett då kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer informerte om skulebruksplanen 2025-2031 torsdag 3. oktober. Planen er no ute på høyring med innspelsfrist 15. november.

Eit godt liv - heile livet

Har du tenkt på korleis du ønskjer at livet ditt som pensjonist skal sjå ut? Eit godt liv heile livet handlar ofte om å halde fram med mykje av det du trivst med i dag. Du må berre planlegge litt.

Overordna kommuneplan i formannskapet

Status og vidare framdrift for kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) og arealdel (KPA) var drøftingstema for formannskapet torsdag 3. oktober. Planane nærmar seg utsending til offentleg høyring.