Jamn straum av veljarar til Kulturhuset

Lett tilgjengeleg, god og oversiktleg plass inne i lokalet og god parkeringsplass. - Å flytta vallokalet hit frå Svortland skule har vore eit vellukka trekk, det trur eg nok dei aller fleste er samde i, kommenterte mangeårig valmedarbeidar i Svortland krins Nils Gunnar Gloppen der han rettleia veljarane på valdagen.

Offentleg ettersyn av detaljregulering for konsentrert bustad på del av 58/1, Langevåg, PlanID 202205

Detaljregulering for konsentrert bustad på del av 58/1, Langevåg, PlanID 202205 er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 20.10.2025. 

Offentleg ettersyn av detaljregulering for naust Svortlandsjøen, gnr./bnr. 109/320 m.fl., PlanID 202302

Detaljregulering for naust Svortlandsjøen, gnr./bnr. 109/320 m.fl., PlanID 202302 er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 20.10.2025. 

Hillestveit-elevar skal måle krefter i finalen under Bergen Matfes­tival

Fire elevar frå Hillestveit skule på Bømlo skal måle krefter med ungdom frå Bergen når årets store sjømatkonkurranse for ungdom går av stabelen under Bergen Matfestival 5. september.

God utvikling i kommunen

Formannskapsmedlemene i Bømlo fann mykje å gleda seg over i møtet torsdag, men krev også tett oppfølging av økonomisk drift. Særleg gledeleg er framdrifta i Bømlo fiskerihamn og god skatteinngang. Viergo orienterte om brannen i juni og planane framover.

Vaksinasjon for vaksne – eit viktig folkehelsetiltak

Nokre tiltak er blitt så naturlege for oss at me kan gløyme å tenkje over kor viktige dei er. Enkelte sjukdommar toler me dårlegare i visse aldersgrupper, eller om me har redusert immunforsvar eller risikotilstandar. Vaksinasjon er eit slikt viktig tiltak for folkehelsa vår som kan hindre alvorleg sjukdom og død hos mange.

Rydding og bruk av plantevernmiddel langs kommunale vegar

Teknisk drift vil denne veka utføre sprøyting med ugrasmiddel langs kommunale vegar i områda Moster og Rolfsnes.

Stenging av Alvsvågvegen

Alvsvågvegen vert stengd på to stader torsdag 28. august frå kl 24:00-06:00. Det skal utførast arbeid med to grøfter som skal krysse vegen. Arbeidet gjeld tilknyting av VA-anlegg til nybygg.

Behandlar vegar med plantevernmiddel

Denne veka skal avdelinga Park, grønt og samferdsle klargjere for asfaltering. Ei av oppgåvene er å behandle vegane med plantevernmiddel. Dette gjelder deler av Nesevegen, Agasøstervegen, Nordre Eikeland, Onglaviksvegen og eit parkeringsareal ved Kyrkjegardsvegen. 

Flytt til Bømlo og få sletta studielånet

Er du nyutdanna og vurderer å flytte til Bømlo kommune? Då kan du ha rett på sletting av studielån på visse vilkår. Over tid kan du spara fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.