Bilhuset Bømlo er eit Miljøfyrtårn

- Gratulera med Miljøfyrtårn-sertifisering. Dette er eit kvalitetsstempel for alle bedrifter, sa ordførar Morten Helland då han nyleg overrekte Miljøfyrtårnskiltet til Atle Christensen i Bilhuset Bømlo.

På jobb med kvardagsheltane

- Eg var litt nervøs, men det var veldig kjekt å ha med ordføraren ut på jobb. Han var veldig arbeidsvillig, og det er det viktigaste, seier helsefagarbeidar Indre Gustaityte i Bømlo heimeteneste.

Sletta servitutt over Karihavet

Soga om bru Nese-Meling over Karihavet fekk sitt endelikt i kommunestyret som samrøystes vedtok å sletta tinglyst servitutt om byggjeklausulen på gnr. 101 gnr 181. Dei folkevalde var nokså samstemte i dagens saker,  men der meldingssaka om Busthorn og interpellasjonane skapte ein del debatt.

Oppstart av planarbeid og høyring av planprogram - Detaljregulering for Stongarvågen Panorama, gnr./bnr. 82/88 mfl. Plan-ID 202509

Arbeid med ny reguleringsplan er starta opp og planprogram til planen er sendt på høyring. Frist for innspel og merknadar er 15.05.2026. 

Hugs søknadsfrist 1. april for aktivitetsmidlar

Det er for 2026 sett av aktivitetsmidlar til lag og organisasjonar med søknadsfrist 1. april.

Legevakta i påskeferien

Fleire heilagdagar etter kvarandre, der fastlegekontora held stengt, gjer at legevakta får ekstra travle dagar. Legevakta minner deg om å fornye reseptar hos fastlegen i god tid før påske.

Fugleinfluensa påvist i nærliggande kommunar

Mattilsynet melder at det er påvist fugleinfluensa hos svanar og andefuglar i Bergen og Øygarden, samt i Rogaland. Per i dag er det ikkje registrert fugleinfluensa i Bømlo kommune. 

Smartare teknologi 2026: Moster skule er kommunevinnaren

Juryen kåra løysinga til Moster skule som den beste i årets konkurranse av Smartare teknologi. Dei tevla mot elevar frå Hillestveit, Rubbestadneset, Våge, Gilje og Meling skular.

Fastlegesituasjonen betrar seg på Bømlo

Fastlegesituasjonen på Bømlo ser lysare ut enn på lenge. Kommunen har no god listekapasitet og fleire faste legar enn tidlegare.

Dialogmøte for samarbeid

- Klart me har utfordringar, men me har også veldig mykje som er gøy og som bind oss saman her i Bømlo. Det understreka kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter under det årlege dialogmøtet med lag og organisasjonar i kommunestyresalen torsdag kveld.