Ordet fangar: Språk, skjerm og sjølvbilete – la oss snakka om det

Bømlo kommune inviterer tilsette i barnehagar, frivillige lag og organisasjonar og alle interesserte til ei open kveldssamling om Ordet fangar i Bømlo kulturhus måndag 9. februar. Gjennom filmar, faglege innlegg og refleksjonar skal deltakarane få innsikt i korleis skjermbruk, språk og samhandling påverkar kvardagslivet til barn og unge.

Pårørandeskule demens

Bømlo kommune, i samarbeid med Bømlo demensforening, arrangerer pårørandeskule for deg som har ein familiemedlem eller ven med demens over fire samlingar i februar og mars.

Søk barnehageplass innan 1. februar

Søknad om barnehageplass til hovudopptak har frist 1. februar.

Helsefagarbeidaren – ein nøkkelperson i framtida sine kommunale helsetenester

Bømlo kommune satsar på helsefagarbeidarar. Dette er ei yrkesgruppe som spelar ei viktig rolle i møte med aukande behov for helse- og omsorgstenester. 

Meling skule i normal drift etter brannen

Heile Meling skule kunne måndag 12. januar ta imot elevar som normalt, berre to veker etter brannen i romjula. Godt samarbeid mellom fleire fagmiljø og rask innsats gjorde at skulen kunne opnast igjen utan større forseinkingar.

Strøsand til eldre og uføre

Eldre personar er særskilt utsette for fall på glatt føre, og uhell kan skje like utanfor heimen. Strøsand til eldre og uføre er eit enkelt førebyggjande tiltak. Bømlo kommune tilbyr denne gruppa gratis strøsand med hentestad Hollundsdalen, Teiglandshagen og Joker Finnås.

Tryggleiksalarm fungerer utan fasttelefon

Har du tryggleiksalarm og fått brev frå din fasttelefonleverandør om at denne skal avsluttast treng du ikkje uroa deg. Tryggleiksalarmane frå Bømlo kommune har eige SIM-kort og brukar mobilnettet.

Positiv låneutvikling for Bømlo folkebibliotek

Bømlo folkebibliotek kan melde om ein svært positiv trend i utlånstala og arrangement. Våge filial vert lagt ned som folkebibliotekfilial grunna innsparingar og låge besøkstal med siste opningsdag 13. januar.

Forbod mot røyking på leikeplassar og idrettsområder frå 1. januar 2026

Det er frå 1. januar 2026 forbode å røyka på leikeplassar og utandørs idrettsområder. Dette følger av endring i tobakksskadelova. Forbodet gjeld både tobakksvarer og e-sigaretter/vape. Forbodet gjeld alle leikeplassar og idrettsområde der allmennheita har tilgang.

Næringsfrukost med totalberedskap på menyen

Bømlo næringsråd inviterte til frukostmøte med tema totalberedskap og kring 40 personar deltok på brannstasjonen på Svortland.