Ny kommunalsjef og rektor på plass

Torunn Laurhammer, Bømlo kommune sin nye kommunalsjef for oppvekst kultur og idrett, ynskjer velkomen vår nye rektor ved Moster skule, Joakim Lund. 

Oppstart av ny skulebruksplan

I siste møte før ferien behandla kommunestyret revidert budsjett. I sak 35/24 Budsjettrevisjon 1. halvår 2024 vart følgjande vedteke i punkt 2.: (…) Kommunedirektøren får mandat til å setje i gong ein prosess tidleg hausten 2024 for å greie ut aktuelle endringar i skulestruktur. Kommunedirektøren varslar med dette oppstart av arbeidet med ny skulebruksplan og revisjon av lokal forskrift om skulekrinsgrenser.

Skal du starte pop-up butikk?

Om sommaren kan det vere aktuelt å starte med pop-up butikkar med sal av ulike sjølvlaga produkt eller andre varer som berre skal vere for eit kort tidsrom. Men vil du selge matvarer og/eller drikke som kan nytast på staden må du sjekke om du må ha serveringsløyve.

Søk om momskompensasjon

Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester innan 2. september i år. Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2,4 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2024. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Vedtak av detaljregulering for naustområde Andahavet og Langøy 110/270 og 110/22 mfl., Alvsvåg, PlanID 201810

Detaljregulering for naustområde Andahavet og Langøy 110/270 og 110/22 mfl., Alvsvåg, PlanID 201810 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 26.07.2024 . 

Vedtak av detaljregulering for fritidsbustader Kjerkalevik 137/19 mfl., PlanID 201724

Detaljregulering for fritidsbustader Kjerkalevik 137/19 mfl., PlanID 201724 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 26.07.2024 . 

Mogleg observasjon av morild-alge

Det mistenkes at morild-algen er komen til Bømlo. Denne er ufarleg og kan trygt bades i. 

Festdag for fiskerihamna

Langevåg var kledd til fest då moloen og fiskerihamna i Hovlandshagen vart offisielt opna fredag. Ruth-Berny Skjetne Lønning losa arrangementet trygt i hamn både ved Stora Bleikjå og samlinga i Langevåg Bygdatun etterpå.

Bruvedlikehald på Kulleseid

Brua over Kulleseidkanalen vert stengt ved lysregulering under vedlikehaldsarbeidet som har planlagt oppstart 1. juli i sommar.

Sprekkferdig stolte og takksame

Brukarar, pårørande og tilsette ved Bømlo bu og helsesenter (BBH) har endeleg fått ein etterlengta uteplass. Fredag kunne ei særs glad verksemdsleiar Monica Smedsrud invitera til offisiell opning av Sansehagen - ein oase i kvardagen.