Formannskapet fekk fei grundig orientering om drifta og utfordringane til drifstavdelinga i kommunen. Økonomisjef Jarle Nakken kom med ei økonomisk gladmelding frå pensjonsselskapet vårt KLP som inneber styrking av likviditeten og lågare kostnadar til pensjon på sikt.
Utval for levekår hadde berre ei politisk sak på møtekartet men fekk god informasjon vedrørande omorganisering av heimetenestene og prosessen rundt flytting av sjukeheimspasientar og dagtilbod.
Influensasesongen starta like rundt jul og når me no får ein auke i luftvegssmitte er det grunn for å minna om smittevernråda for å verna både deg sjølv og dei rundt deg.
Visningsstatistikk frå Bømlo kommune sitt digitalarkiv viser 1515 visningar i 2024.
«Menn i helse» skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er me på leit etter nye deltakarar til kull 2025.
Alle barn og unge i alderen 11-15 år kan få eit tilskot på inntil kr. 2000 i 2025 til ein fast, organisert fritidsaktivitet gjennom Fritidskortet.
Overflyttinga av bebuarar ved Bømlo omsorgstun til Bømlo bu og helsesenter starta tysdsdag 8. januar. - Det meste er på plass og me er klare til å gje våre nye bebuarar ei varm velkomst og smidig overgang, seier avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen ved BBH.
Bømlo kommune har no utvida sitt verkty Framsikt til også inkludera ein planmodul i tillegg til økonomimodulen. Planstrategi for perioden 20240-2030 er det første plandokumentet publisert i Framsikt.
Radon er ein usynleg og luktfri, radioaktiv gass som kan samle seg i innelufta og utgjere ein helserisiko. For din tryggleik blir det tilrådd å måle radon i bustaden, særleg i vintermånadene.
Kommunestyret vedtok i september retningslinjer i samband med søknadar om mellombels dispensasjon frå gjeldande plan om bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad. Eit samrøystes kommunestyre vedtok måndag kveld nokre avklaringar og presiseringar.