Vil du representere ein part i forliksrådet?

Då er kanskje rolla som møtefullmektig noko for deg.

- Me kan ikkje møte framtida med dagens innhald og struktur

- Me har forståing for den vanskelege prosessen mange har stått i det siste halvåret med omstillingar innan helsetenestene våre. Dette er ikkje ein panisk reaksjon på dårleg kommuneøkonomi, men tiltak på kort og lang sikt for å vri helsetenestene mot meir styrking av tenester utanfor institusjon for å møta framtida sine utfordringar.

No kan du få vindvarsling på bru i sanntid

Er brua open, stengd eller er det fare for at ho stenger? No kan du følgje med på vindvarsling på vegvesen.no/trafikk og i «Vegvesen Trafikk»-appen i sanntid. Både Bømlabrua og Stordabrua ligg no inne i appen.

Effektiv driftsavdeling og økonomisk gladmelding

Formannskapet fekk fei grundig orientering om drifta og utfordringane til drifstavdelinga i kommunen. Økonomisjef Jarle Nakken kom med ei økonomisk gladmelding frå pensjonsselskapet vårt KLP som inneber styrking av likviditeten og lågare kostnadar til pensjon på sikt.

Orienterte om omorganiseringa i heimetenesta

Utval for levekår hadde berre ei politisk sak på møtekartet men fekk god informasjon vedrørande omorganisering av heimetenestene og prosessen rundt flytting av sjukeheimspasientar og dagtilbod.

Auka influensasmitte – gode smittevernråd

Influensasesongen starta like rundt jul og når me no får ein auke i luftvegssmitte er det grunn for å minna om smittevernråda for å verna både deg sjølv og dei rundt deg.

Over 1500 dykka i digitalarkivet

Visningsstatistikk frå Bømlo kommune sitt digitalarkiv viser 1515 visningar i 2024.

Søkjer etter menn i helse

«Menn i helse» skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er me på leit etter nye deltakarar til kull 2025.

Fritidskortet for born held fram

Alle barn og unge i alderen 11-15 år kan få eit tilskot på inntil kr. 2000 i 2025 til ein fast, organisert fritidsaktivitet gjennom Fritidskortet.

Klare for å ta imot nye bebuarar

Overflyttinga av bebuarar ved Bømlo omsorgstun til Bømlo bu og helsesenter starta tysdsdag 8. januar. - Det meste er på plass og me er klare til å gje våre nye bebuarar ei varm velkomst og smidig overgang, seier avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen ved BBH.